Gryta med grønsaker og pylsor

Av Eiliv, 19. oktober 2020

Detta er ei lett og god gryta laga med grønsaker, pylsor og brunost. Ho hev ei rund «brunsausvoren» smak og gjev ei måltid som mettar.

Uppskrifti gjev 2,5 til 3 liter med gryta.

Innhald

Skjer upp jordepli, gulroti og pylsone i små terningar og hav i panna.

Skjer upp kålen, anten i små eller store bitar, og hav uppi.

Fyll på med vatn og lat sjoda. Um det syd burt hev du i meir.

Smak til med salt, pipar. Nytta gjerna andre krydd, som kvitlaukspulver og paprika, eller vanleg kvitlauk um du hev det.

Eg plar hava i ei teskeid med tomatpuré, men det er ikkje naudsynt.

Når gulroti og jordepli er mjuke hev du i nokre skivor med brunost og rører det ut. Hugsa å smaka til!