Kili med kjøt

Av csy, 6. august 2020

Ei god gryta med masse grønsaker som matar fleire eller varar i mange dagar ;)

Reidskapar

Innhald

Krydd

Korleis:

Skjer upp gulrøtrne og brokkolien og steik deim i ei steikjepanna med olje eller smjor. Dei er hardast og må steikja lengst. Ikkje hav på for høg verme, for brokkolien vert lett sviden.

Byrja å steikja kjøtdeigen i den store gryta - han au med olje eller smjor.

Skjer upp lauken, og hav han uppi både pannone so han set smak i alt saman.

Skjer upp kilien og kvitlauken, og spreid deim millom pannone på same vis.

No kann du byrja å ordna med risen, og når du hev gjort det er nog brokkolien og gulrøtrne ferduge - hav alt saman uppi den store gryta.

Um du vil ha sopp, kann du skjera han upp og steikja han i den litle panna - skjer upp og steik paprikaen au medan du er i gang, men ikkje so lenge, han treng ikkje so mykje :)

Hav alt saman i den store gryta, og hav i kilibaunor, hakka tomatar og mais (um du vil). Smak til med kryddi ein treng mykje kumen, ein god lut paprika, godt med salt og pepar, ingefær etter smak, og berre bitelite kanel.