Kjai, eller kryddste frå India

Av csy, 6. august 2020

Ein søt og vermande mjølkedrykk frå aust

Tek 5 minutt (um du gjer det rett 😉)

Reidskapar:

Innhald:

Korleis:

Set på vasskokaren

Fyll upp litt meir enn helvti av bekaren din med mjølk fyrr du heller alt uppi kjetelen

Hav to-tri teskeider kjaiblanding uppi tekula eller bekaren, og fyll upp med vatn slik at han vert heilt full når mjølki kjem att

Teen skal bryggja i minst 5 minutt, og medan han gjer det, kann du byrja å verma mjølki

Etter kvart hev du ei eller tvo skeider sukker eller heldst honung uppi mjølki, og vispar ho godt

Når ho er so varm at det er rett fyrr det gjer låkt å ta i ho, so er ho klår - kokar ho for lenge fær du snerk

Hav teen uppi kjetelen og vispa det heile endå litt til

Til sist heller du kjaien att og fram millom kjetelen og koppen eller glaset ditt. Då vert han endå meir luftug og tjukk ;)

Attåttanke: vert du hekta og vil ha kjai på ein varm dag, kann du i staden for å koka mjølki hava alt i ein ristebekar og skaka det heile godt med nokre isbitar.