Morgonsmjørbraud

Av csy, 14. august 2020

Ei lett uppskrift berre for å syna kva eg lagar når eg iddest å gjera noko retteleg med morgonmaten :)

Innhald

Reidskapar

Korleis

Hav anten nokre skivor beikon i ei kald panna og set ho på millomverme. Det er nog feitt i beikonen til at du ikkje treng noko meir, men um du ikkje nyttar beikon må du ha upp i noko anna steikjefeitt.

Skjer upp lauk eller paprika - lauken deiler du i tvo på midten og skjer i tunne ringar, medan paprikaen verkar godt i båtar.

Når panna er vorten varm nog og beikonen hev gjeve frå seg nog feitt til å steikja i, klekjer du tvo egg ned i panna. Du må kann henda skuva deim litt saman so dei held seg i braudskivestorleik.

Rist braudet i braudristaren eller panna, hav på litt ketsjup og ein sylteagurk, so lauk, paprika, beikon og egg på toppen.