Myntete

Av Eiliv, 14. august 2020

Myntete (òg kalla myntevatn og myntesod) er ein god og frisk te å drikka på sumaren. Han er sers lett og snøgg å laga, og heilt kostelaus um du hev eigi mynta i hagen.

Teen eignar seg like godt med og utan sukker, for mynta hev ein søtsmak i seg sjølv. For å laga mynte-iste, eller kaldt myntevatn, sløyfar du berre sukkeret, tek ut bladi og lèt teen kolna.

Reidskapar

Innhald

Tak bladi av stylkjene og legg i kanna. Dei skal tekkja botnen, men mengdi hev ikkje mykje å segja.

Hav i varmt vatn og lat standa til smaken er dregen or bladi. Tak ut bladi etter kvart når han er sterk nog.