Pasta med steikt lauk og anna snadder i tomatpuré

Av Eiliv, 5. august 2020

Som fyrste innlegg i dette vevritet hev eg tenkt å dela ei framifrå uppskrift med dykk. Det er ein sers einskild og lett pastarett med steikt lauk, kvitlauk og gjerne andre grønsaker mèd. Det einaste ein treng er tvo pannor og ei skjerefjøl

Innhald

Til «sausen»: Til pastaen:

Set ei panna med vatn og litt salt på høg varme. Når vatnet fosskokar hev du i pastaen og lèt koka i ~10 minutt.

Skjer upp den halve lauken i små bitar og hav det i hi panna. Knus so kvitlauken og hav i. Steik med oliveolja til alt er mykt upp og hev ei sterk lukt. Etter det hev du i høveleg mengd med tomatpuré (um lag det uppskrifti viser) og litt vatn. Lat det so verma seg på låg verme til pastaen er ferdug.

Hell av vatnet og legg pastaen i hi panna i lag med lauken.