Sjokoladekjeks

Av Eiliv, den 6. august 2020

Denne uppskrifti gjev tunne sprøe kjeks med sterk sjokoladesmak. Dei er sers snøgge og lette å laga og du treng berre ein bolle, ei steikjeplata og ein omn.

Innhald

Rør i hop egg, sukker og kakaopulver i ein bolle. Smelt kokosolja, lat kolna og hav uppi. Bland til du fær ei tjukk jamn røra.

Hav uppi mjølet og rør det inn til det vert ein deig. Han skal vera oljut, men mogeleg å taka i med hendene. Hav i meir mjøl um detta vert for vandt.

Legg deigen på ei steikjeplata med bakepapir. Skjer upp deigen i åtte like store stykke og flata ut til tunne kjeks. Prikk hòl i kjeksane med ein gaffel.

Set i omnen på 200 gradar i upptil 15 min. Sjå jamnleg, for um dei ser ferduge ut, so er det mogelegt at dei er.